1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower


....ja, desse namna og over 50 til dukka opp på første "dugnadskveld" for lokale stadnamnSmile. Det var ei lita, men svært kunnskapsrik forsamling med folk frå ulike stader i bygda som kunne bidra med fleire namn enn me hadde tid til på ein kveld.

Ingeborg og Svanhild vil altså digitalisere og kartlegge så mange lokale stadnamn som me berre får tak i . Denne kvelden var berre første start. Folk vil nå sjølv gå heim og gruble litt over karta, og skrive ned på kart og lister alle namn de kjem på. Smart kan det òg vere å møtes litt grendevis; for å kartlegge litt i lag. Kart kan bestillast hjå Svanhild 97 00 76 36 eller  Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den..  

Me har elles tenkt å treffast igjen for å gå gjennom dei namna me har samla inn, kanskje fleire treff.  Det er ikkje for seint å bli med om du er interessert i dette; send oss gjerne eit tips.


Stor iver rundt kartet over Fossmarka.: Storhoggsle, Studasteinen, Jørenhaugane, SmaleVeien. Måsahaugen, Geitastien, Raunetødne, Bonehidler, Britafossen....ja dette var berre nokre av forslaga. Veit du kor dette er?



Iver rundt kartet over Knutsvik, Skiftun og Åsland òg: Torbjørnskjær, Knappen, Nordkap, Fantasteinane, Kjørkjele, Sejå, Gångeliå, Gjertrudberjet,  Stampemyr,...osv ja, veit du kor dette er då?


Det som er målet er å sitje igjen med eit kart over heile Jøsneset som er pirfullt av lokale stadnamn, slik at desse aldri går i gløymeboka sjølv om generasjonane forsvinn.


Kjempefint viss du har lyst og tid til å bidra med dette; ta kontakt !!

 

PS: me blei òg tipsa om at det hadde blitt gjort eit litt systematisk kartleggingsarbeid på 80-talet ein gong som visstnok var i regi av kommunen. Dette skal me sjølvsagt sjekke opp, og ev legge inn på same kartet.  Me har òg fått tips frå enkeltpersonar/grendevise grupper som har kartlagd i sine områder, Så, ja, dette er ein god start !!

Svanhild : Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den., 97 00 76 36,

og

Ingeborg: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. 92850297


Neste treff blir kunngjort her på nettsida. Følg med.

FaceBook
Facebook